HØVDINGENS ORD

 

 

 

 
 
Høvdingens ord
Den som er utan vett, vaker heile natta,
tenkjer både opp og ut.
Trøytt og mod når morgonen kjem.
Då er alt flokete som før.



 

Møre Frie Vikingar er ein frittståande, sjølveigande "non profit" interesseorganisasjon utan religiøs eller partipolitisk tilknytning. MFV er innstilt på søkje samarbeid med liknande organissasjonar som til dømes andre vikinglag, historielag m.m., lokalt og nasjonalt. MFVs sete er i Møre og Romsdal, Noreg.

Alle som er interesserte i nordisk jarnalder/norsk vikingtid og som aktivt ønskjer å delta og yte ved aktivitetar som laget driv med kan bli tatt opp som fullverdig medlem som viking (fri kvinne/fri mann) etter ei prøvetid på minst seks månader som byrding. Ein kan bli byrding ved å søkje laget om prøvetid.

 
 
     
Formål

MFV skal vere eit aktiv lag for folk med interesse for nordisk jernalder/norsk vikingtid.

MFV har som formål å spreie kunnskap om vår nordeuropeiske historie frå jernalder/vikingtid. Vi ønskjer å auke medlemmane sine kunnskapar om alle sider ved dagligliv i nordisk vikingtid, som handverk, kultur/folketru, musikk, mattradisjonar, idrett, våpenbruk (til dømes gjennom vikingkampgruppe) osb. Vi ønskjer å synleggjere laget ved å delta på marknader, festivalar og andre arrangement innan vårt nedslagsfelt, samt halde kurs/seminar o.l.

 
 
 
 
Rådet
VERV
NAMN OG E-MAIL
TELEFON
Høvding
Arve Yndestad
Munin med ord til Høvding Arve
70 12 66 33/ 908 54 062
Jarl
Skafti Helgason
Munin med ord til Jarl Skafti
71 18 96 04 / 993 32 902
Skattmeistar
Arve Strand
994 96 898
Skrivar
Helene Henriksen
Munin med ord til  Skrivar Helene
71 18 96 04 / 905 03 884
Bodberar
Inger-Lise Sønderland
Munin med ord til Bodberar Ylva
402 01 279
Kjøkmeister
Margit Yndestad
Munin med ord til Køkmeister Margit
70 12 66 33 / 950 69 156
Læremeister
Edvard Røkkum
Munin med ord til Læremeister Edvard
909 49 985
Hirdsjef
Øyvind Yndestad
 
     
 
KONTIGENT
2008
Byrding:
100,-
Born under 16 år:
100,-
Vaksne:
200,-
Familie (foreldre + born u. 16 år):
300,-
 
 
 
Om og bli medlem av Møre frie vikingar.

Vis du ynskjer medlemskap i MFV kan du ta kontakt med
Høvdingen Arve Yndestad, eller Jarlen Skafti Helgason.
Du kan og ta kontakt med andre medlemer av rådet, eller andre i vikinglaget og få eit søknadskjema som leverest tilbake og du vert kontakta.
Vi har såkalla byrdingsamlingar der du får oppgåver som skal lausast, og vis du vert godkjent som byrding (prøvemedlem) er du det i minimum eit halvt år.
Du får råd og vink om kva du trenger for å kunne fungere i vikingmiljøet.
Alle har felles ansvar for å drive laget og du får oppgåver av vikingar.
Rådet vurderer byrdingane etter yting til laget, dugnadsarbeid og oppførsel og tilrår om ein skal bli viking. Velkomen skal du være.

 
 
Vedtekter

13. november 2005 vart det halde ting for vikingar på Helene Henriksen sin gard Gjerå i Løvikja, Tresfjord.
Det vart bestemt å skipe eit vikinglag under namnet Møre Frie Vikingar (MFV).

Til stades var: Helene Henriksen (gift med Skafti), Skafti Helgason (gift med Helene),
Helgi Skaftason (son til Skafti), Sindre Skaftason (son til Skafti og Helene),
Lilja Skaftadottir (dotter til Skafti og Helene), Edvard Røkkum, Martine Røkkum (dotter til Edvard),
Margit Yndestad, Arve Yndestad, Ylva Herfjord og Nikolai Bjørdalsbakke.
Desse vert vidare omtala som skiparar. Under skipingsmøtet 13. februar 2007 vart det bestemt å føye til
Marte Alvestad, Eldar Hildre og Arve Strand blant skiparane.

Vedtekter for MFV


§ 1 Formål

MFV skal vere ein aktiv interesseorganisasjon for folk med interesse for nordisk jernalder/norsk vikingtid.

MFV har som formål å spreie kunnskap om vår nordeuropeiske historie frå jernalder/vikingtid. Vi ønskjer å auke medlemmane sine kunnskapar om alle sider ved dagligliv i nordisk vikingtid, som handverk, kultur/folketru, musikk, mattradisjonar, idrett, våpenbruk (til dømes gjennom vikingkampgruppe) osb. Vi ønskjer å synleggjere laget ved å delta på marknader, festivalar og andre arrangement innan vårt nedslagsfelt, samt halde kurs/seminar o.l.

§ 2 Organisatorisk tilknyting

MFV er ein frittståande, sjølveigande “non profit” interesseorganisasjon utan religiøs eller partipolitisk tilknyting. MFV er innstilt på å søkje samarbeid med liknande lag og organisasjonar som til dømes andre vikinglag, historielag m.m., lokalt og nasjonalt så vel som internasjonalt. MFVs sete er i Møre og Romsdal, Norge.

§ 3 Oppbygging og styring av laget

§ 3-1 Medlemmer i laget

Alle som er interesserte i nordisk jernalder/norsk vikingtid og som aktivt ønskjer å delta og yte ved aktivitetar som laget driv med kan bli tatt opp som fullverdig medlem som viking (fri kvinne/fri mann) etter ei prøveperiode på minst seks månader som byrding. Ein kan bli byrding ved å sjølv søke laget om prøvetid.

Rådet behandlar søknader om å bli byrding. Opptak som viking skal vedtas av eit fleirtal av fullverdige medlemmar på ein av solfestane (jamdøger og solkverv). Opptak skal førast i tingboka. Vi ønskjer denne ordninga for å sikre seriøs søking til laget.

Alle stiftarar som deltok på ting i Løvikja 13. november 2005, samt stiftarar som er lagt til ved skipingsmøtet 13. februar 2007 er unntatt frå denne paragrafen. Desse er lista som skiparar.

§ 3-2 Administrasjon av laget

MFV skal ha eit råd (styre) som står for laget sine generelle administrative oppgåver. Rådet skal veljast demokratisk mellom laget sine fullverdige medlemmar, og alle fullverdige medlemmar kan veljast til rådet. Eit råd vert vald for eitt år om gongen på tinget som skal haldast ein gong om året. Høvdingen skal veljast for eitt år, medan dei andre verva kan veljast for ei lengre periode.

§ 3-3 Råd og verv

Rådet er MFVs høgste organ mellom ting, og skal i kraft av sine verv

1. Administrere laget sin økonomi
2. Utarbeide budsjett og rekneskap
3. Ha ansvar for laget sin felles eigedom (utstyr o.l.)
4. Ha ansvar for korrespondanse
5. Organisere ting og andre samlingar (som fest ved merkedagar o.a.)
6. Arrangere kurs o.l. i regi av laget
7. Ta seg av andre administrative oppgåver som laget ser som rimelig å leggje til rådet.

Rådet skal minst innehalde verv som:

Høvding (styrar)
Jarl (nestleiar)
Skrivar (sekretær)
Bodbærar (PR-ansvarleg)
Kjøkemeister (arrangementsansvarleg)
Læremeister (kursansvarleg)
2 vararepresentantar
2 medlemmar til valkomité

Rådet skal halde rådssamlingar når høvdingen eller eit fleirtal av rådets medlemmer krev det.
Høvdingen er ordstyrar under rådssamlinga.
Det skal førast ei eiga rådsbok på desse møta.

Rådet er vedtaksført når eit fleirtal av rådet sine medlemmer er til stades på rådssamlinga.
Vedtak skal gjerast etter avstemming og med fleirtal av røystene.
Ved likt tal på røyster tel høvdingen si røyst dobbelt.

§ 3-3-1 Val av råd

Råd kan normalt berre veljast på ting eller om nødvendig på ekstraordinært ting.
Kasting av rådet mellom ting kan berre gjerast på ekstraordinært ting ved avstemming
med to tredelers fleirtal av gyldige røyster.

Fullverdige medlemmar av MFV kan gjere framlegg om og verte kandidatar til verv i rådet.
Valbare kandidatar skal gjerast kjende for alle røysteføre medlemmar,
og det vert halde val ved røysting på dette viset:

Det blir avgjort stad til valplass, og ein set ned ei merkestong.
Fullverdige medlemmar går fram til merkestonga når det skal stemmast inn verv.
Den valde legg av eid ved å halde i merkestonga.

§ 3-4 Røysterett

Alle fullverdige medlemmar har røysterett på ting,
ved val av råd og ved andre avgjerder som rådet bestemmer at det skal røystast over.
Ingen har meir enn ei røyst, og røysting kan ikkje skje ved fullmakt.

§ 3-5 Ting

Ting (årsmøte) skal haldast kvart år i Haustmánuður, altså mellom 15. september og 13. oktober.
Tinget er MFVs høgste organ.

Rådet kallar inn til ting med minst ein månads varsel, direkte til medlemmane eller ved kunngjering i pressa. Saker som skal gjennomgåast på ting må vere innsende til rådet skriftleg minst to veker før ting.
Fullstendig saksliste skal førast og må vere tilgjengeleg for medlemmane seinast ei veke før ting.

Alle fullverdige medlemmer har høve til å delta på ting med tale- og røysterett.
Byrdingar har høve til å delta med talerett, men har ikkje røysterett.
Andre personar og instansar kan inviterast til å vere til stades som gjestar.

Det skal veljast ordstyrar som skal leie tinget.
Det skal førast ei eiga tingbok.
I denne boka skal det også førast opptak av byrdingar og vikingar gjennom året.

Tinget er vedtaksført med det tal røysteføre medlemmar som møter.
På tinget kan det ikkje handsamast framlegg om vedtektsendringar som
ikkje er oppførte på sakslista seinast ei veke i førevegen.

Tinget skal:
1. Godkjenne innkalling
2. Gjennomgå lagets årsmelding
3. Gjennomgå lagets rekneskap i revidert stand
4. Gjennomgå innkomne saker etter saksliste og evt. gjennomføre røysting over desse
5. Fastsette kontingent for kommande år.
6. Velje råd for kommande år. Benkeforslag vert godtatt.

§ 3-6 Ekstraordinære ting

Ekstraordinære ting kan haldast når rådet bestemmer det,
eller minst to tredeler av dei røysteføre medlemmane krev det.

Innkalling skal gjerast på same måte som for ordinære ting, med minst 14 dagars frist.

Ekstraordinært ting kan berre handsame og vedta dei sakene som er kunngjort i innkallinga.

§ 4 Kontingent og andre kostnadar

Kontingenten skal fastsettast av rådet på ting og betalast i løpet av førstkommande Þorri, altså mellom 13. januar og innan utgangen av februar.

Vikingar over 16 år betaler full kontingent.
Vikingar under 16 år reknast som barn, og betaler halv kontingent.
Familiemedlemskap omfattar foreldre samt barn under 16 år.

Medlemmar som skylder kontingent for meir enn eitt år har ikkje røysterett eller andre rettar i laget,
og rådet kan stryke dei som medlemmar.
Om eit medlem vert stroke kan det ikkje takast opp att før skyldig kontingent er betalt.
Medlemmet vil behalde sin opphavlege status ved gjenopptaking.

§ 5 Vedtektsendring

Endringar i desse vedtektene kan berre gjerast på ordinært eller ekstraordinært ting etter å ha stått på sakslista, og det vert kravd to tredeler av dei gjevne røystene.

§ 6 Oppløysing (§ 6 kan ikkje endrast)

Oppløysing av MFV i den form laget er skildra i dette skrivet kan berre handsamast på ordinært ting.
Vert oppløysing vedteke med minst to tredeler av røystene skal det kallast inn til ekstraordinært ting
tre månader seinare. For at oppløysinga skal skje må vedtaket her gjentas med to tredelars fleirtal. Siste ekstraordinære ting fordeler eventuelle midlar til verdige trengande.


Kart

 
     
 
webdesign: LAPPVERK